I samarbeid med VAF inviterer Etne og Vindafjord Mental Helse til lokal markering av verdsdagen for psykisk helse 19.oktober, kl. 18.00 - 20.00 på Ølen Kulturhus
I år set me fokus på pårørande og psykisk helse. Politikar, pårørande og forfattar Olaug Bollestad er årets innleiar.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Samarbeidspartnararar er psykisk helse- og rusteneste i Etne og Vindafjord kommunar.
Den lokale markeringa av verdsdagen set i år fokus på pårøranderolla: Korleis er det å leva med psykiske sjuke familiemedlemer og vener? Og sjå at dei du er glad i slit? Kva kan ein gjera? Og korleis skal ein takla livet når psykisk sjukdom i familien pregar kvardagane?
Innleiiar er Olaug Bollestad.
Olaug vaks opp med ei psykisk sjuk mor, som hadda hadde utfordringar gjennom heile oppveksten til Olaug. 19.oktober fortel ho si historie; om mora, om å vera pårørande til psykisk sjuk mor, og korleis dette har påverka barndomen.
Etter føredraget blir det sofasamtale der me set fokus på dei pårørande og psykisk helse.