Kursplan

Forrige kurs Kurs for seniormedarbeidere
Neste kurs Salgslederen og salgsledelse

Medietrening


I samarbeid med Omega Design inviterer VAF til kurs innan medietrening. Kurset har som formål å vera konkret og målretta, med to timars kurs etterfølgt av ein time med individuell rådgjeving. 
Del 1 tar for seg korleis ein svarar pressa, del to fokuserar på korleis du kan få saka di ut i media og den tredje delen består av individuell rådgjeving rundt di bedrift og dine behov. 
 


Kursinnhold

Kursinnhold: 

Medietrening - korleis svarer ein pressa? 
Media har ei sterk samfunnsrolle der dei bør og skal ta i alle former for saker, også dei vanskelege.  Du kan bli ei viktig kjelde for media, i alle former for saker.  Korleis oppfører me oss i møte med media? 

I kurset er me innom spørsmål som: 

  • Kva er media interessert i ? Når vil dei ta kontakt? 
  • KVa saker kan ein førebu seg på, og kva kjem overraskande? 
  • Strategi når ein kan førebu seg: Sendar – bodskap – mottakar. Ver klar over kva du vil formidle det og korleis du må gjere det for at media fangar det opp
  • Strategi når ein ikkje kan førebu seg:   Ver ærleg på kva ein veit og ikkje veit. Du får som regel tid om du ber om det.
  • Krisesituasjon: hugs menneske før sak, ver audmjuk. Det er alltid lov å vise kjensler, viser at du er ekte. Kva skil krise frå andre saker? Skap empati, hugs å alltid vere i forkant av media der du kan. Du bør og må ta styring på informasjonsflyten i ei krisesituasjon. 
  • Ver alltid tydeleg, det du seier skal det aldri vere rom for å mistolke. "Snakk i overskrifter"
  • Gi den informasjonen du har  - ver alltid ærleg!
  • Be om tid dersom du må finne ut meir
  • Husk at kroppspråket ditt også fortel mykje
  • Husk at radio/tv -innslag ofte er korte, gjenta hovudbodskapen slik at du er sikker den blir klippa inn, utan å bli oppfatta som kjedeleg eller autopilot
  • Be om sitatsjekk der det er mogleg! Du kan ikkje påverke vinkling, men du kan påverke fakta og sitat
  • Kva med "Ingen kommentar" - er det lurt? 
  • Er du skuffa over oppslaget, likte ikkje vinklinga eller meiner det var feil av media å ta i akkurat den saka? Ikkje ta ein sint telefon! Tenk heller på kva anna og meir positiv sak du kan pushe inn neste gong. 

 

Korleis få saka di ut i media? 

Media er avhenging av gode tips, og hjå alle bedrifter finn ein aktuelle nyheter og gode historier som kan vere spanande for media. I dette kurset snakkar om om kva som er ei god sak , korleis ein kan pushe den mot media og kva ein kan forvente av media. 

I kurset er me innom spørsmål som:
 

  • Kva er ei god sak? 
  • Korleis tenkjer og jobbar redaksjonane i media?
  • Korleis kontaktar du media? 
  • Kva er skilnaden på lokale og nasjonale medium? 
  • Forventingar til media – du kan ikkje bestilla dei. Dei styrer seg sjølv
  • Kva er ei nyhende? 
  • Er det andre saker enn nyhende som kan få plass i media?
  • Var PR-jobben meiningslaus dersom du ikkje kom på trykk/på lufta? 
  • Korleis kan du kombinere tradisjonell PR med publisering i eigne kanalar/sosiale medium - for å oppnå auka effekt
  • Er det viktig å ha strategi i PR-arbeidet? 

 

Del 3: Rådgjeving

1-times rådgjeving etter avtale rundt di bedrift og dykkar behov. 




Påmelding

Dato:
10.09.2020 08.30 - 10.30 iCalEksporter til iCal
Plasser:
24
Ledig:
24
Kurssted:
Ølen Vgs
Kursholder:
Omega Design
Kurskode:
632

Løpende påmelding frem til kursstart, bindene fra 01.09.2020. Ved avmelding etter denne dato vil full kursavgift faktureres.

Priser

Maks pris 1 600,- pr.p.

Totalkostnaden blir fordelt på antall deltagere. Minimum antall deltakere for gjennomføring er 8.

  • Bedrifter i Vindafjord kommune betaler 65% egenandel.
  • Medlemsbedrifter i VAF betaler 40 % egenandel.
  • Målbedrifter i Medvind Næringshage betaler 40 % egenandel av kurskostnaden.
  • Bedrifter i Etne som er medlem i Fikse Næringsutvikling betaler 90 % egenandel av kurskostnaden.

Praktisk informasjon

Kurset holdes på Ølen VGS.
Parkering ved skolen eller Ølen Senter. Prisen inkluderer kaffe/te. 

Kontaktperson

Spørsmål angående kurset? Send e-post til
post@arbeidsgiverforum.no


Send inn ønske om kurs

Bli varslet om kurs